Influensavaksinering

Helsestasjonen tilbyr influensavaksine. Det blir oppsett dagar i slutten av oktober, tidlig november. Det er ikkje nødvendig å bestille time.

Datoane blir litt seinare enn før om åra, dette grunna forsinkelsar frå vaksineleverandør.

Følg gjerne helsestasjonen på Facebook, eller Surnadal Kommune sine facebooksider for oppdatert informasjon om influensavaksinering.

 Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

* Alle som har fylt 65 år

* Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim

* Barn og vaksne med:

• diabetes mellitus, type 1 og 2

• kronisk luftvegssjukdom

• kronisk hjarte- og karsjukdom

• kronisk leversvikt

• kronisk nyresvikt

• kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade

• nedsett immunforsvar

• svært alvorleg fedme (BMI over 40)

• annan alvorleg eller kronisk sjukdom

* Gravide frå 12. uke i svangerskapet

 

 

 

Les mer om influensa på folkehelseinstituttets hjemmesider

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Telefon 71 65 58 80

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 16:00