Startlån og tilskot

Husbanken har fleire verkemiddel som kan bistå innbyggjarane med bustadetablering, ved både kjøp og bygging av bustad. Det er kommunane som administrerer ordninga på vegne av Husbanken.

Startlån

Kva er startlån?

Startlån kan bidra til at husstandar med bustadetableringsproblem får mulegheit til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustadar.

Kven kan få startlån?

Ordninga er retta mot personar med langvarige bustad- og finansieringsproblem. Bustaden som det blir gitt lån til skal være nøktern, egna og rimeleg i høve til antal bebuarar og lokalt prisnivå.

Søknadsfrist: Fortløpande

Meir informasjon om startlån og elektronisk søknadsskjema

 

Bustadtilskot for tilpasning av bustad

Har du behov for å tilpasse bustaden din?

Da kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpasningar.
Å tilpasse ein bustad inneber å gjere den egna slik at du kan fortsetje å bu i han, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.
Tilpasninga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot blir vurdert i sin heilskap ut frå husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.

Les meir om ordninga på husbanken sine sider (retningsliner og forskrifter)

Kven kan få tilskot til tilpasning?

  • husstandar eller enkeltpersonar som har behov for tilpasning av bustaden på grunn av nedsatt funksjonsevne
  • eldre som ønskjer å utføre forebyggjande tilpasningstiltak

Kva kan det bli gjeve tilskot til?

  • både enkle tiltak for å betre tilkomsten til bustaden og til større ombyggingar for å tilrettelegge bustaden
  • både leid og eigd bustad 

Når vi vurderar tildeling, prioriterar vi dei med størst behov først. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert. Tilskotet er ikkje ei rettighetsbasert ordning.

Søknadsfrist: Fortløpande i løpet av året, men siste frist 1. oktober.

Korleis søke?

Elektronisk søknadsskjema for tilpasning av bustad

 

Tilskot til etablering av bustad

Personar som ikkje klarar å betene eit startlån som er stort nok til å finansiere ein egna bustad, kan få tilskot til etablering.

Tilskot til etablering skal bidra til å skaffe egna bustad for vanskelegstilte på boligmarkedet. Tilskotet skal og sikre at vanskelegstilte kan bli buande i ein egna bustad.

Tilskot kan vi gi til kjøp av ny eller brukt bustad og til refinansiering. Tilskot til etablering blir vanlegvis brukt som toppfinansiering når ein bustad skal finansierast. Kor mykje tilskot som blir gjeve, avheng av husstanden sin økonomi og kor stort startlån husstanden kan betene.

Les meir om ordninga om tilskot til etablering på husbanken sine sider

Kven kan få tilskot til etablering?

Tilskot til etablering blir gjeve til enkeltpersonar/husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til egna bustad. Ordninga er behovsprøvd og bare dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot.

Korleis søke?

Elektronisk søknadsskjema for tilskot til etablering

 

Dette er vilkåra for tilskot

  • Vi vurderar søknaden på grunnlag av søkaren sin økonomi
  • Tiltaket skal kunne vare over tid
  • Behovet skal vurderast av ein ergoterapeut i kommunen
  • Bustaden skal vere godkjend som heilårsbustad og vere egna for tilskotsmottakar

Andre finansieringsmolegheiter

Du kan og søke om tilskot til utredning og prosjektering for å kartlegge behov, moglegheiter og kostnader.

Tilskot til utredning og prosjektering 

Dette kan for eksempel bli utført av arkitekt eller ein anna fagkyndig person. Dette tilskotet er ikkje økonomisk behovsprøvd.

Her finn du søknadsskjema   

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL