Tidlegstemmegjeving fra 1. juli

Veljarar som ikkje har høve til å stemme i løpet av den ordinære perioden for førehandsstemming fra 12. august til 6. september, eller på valdagen 9. september, kan frå måndag 1. juli ta kontakt med  kommunen for å avgi stemme.

I Surnadal kommune kan slik tidlegstemmegjeving skje på servicekontoret på kommunehuset i vanleg opningstid, kl 09.00-15.00.

Vi gjer merksam på at i starten av tidlegstemmegjevinga vil ikkje dei ordinære stemmesetlane vere klare. Det er eigne stemmesetlar der du må krysse av partinamn som blir nytta. Det blir og bruka konvolutt ved tidlegstemmegjevinga.

Ordinær førehandsstemming startar måndag 12. august, og vil også finne stad på servicekontoret på kommunehuset.

Ta med legitimasjon når du skal avgi stemme!

Kontaktinformasjon

Servicetorget
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL