Kven kan stemme?

For å kunne stemme må du stå innført i manntallet i ein kommune. Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntallet i den kommunen der dei var registrert busett pr. 30. juni i valåret.

Utlegging av manntal

Manntallet pr 30. juni vil bli lagt ut til offentleg ettersyn slik at du kan sjekke om namnet ditt står der. Manntalet for Surnadal kommune blir lagt ut for offentleg ettersyn frå måndag 15. juli og fram til og med valdagen 9. september.

Manntalet ligg tilgjengeleg på servicetorget på Surnadal kommunehus og på biblioteket på Surnadal kulturhus.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg og begrunna klage til:

Surnadal Valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Utlegging av Sametingets valmanntal

Sametingets valmanntal er utlagt til offentleg gjennomsyn ved Surnadal kommunehus og biblioteket til og med valdagen den 9. september 2019.  

Jf. forskrift om val til Sametinget § 4, 2. ledd, skal Sametinget sitt valmanntal utarbeidast også dei åra det er fylkestings- og kommunestyreval.

Krav om retting og oppdatering skal sendas til:

Sametinget
Ávjovárgeaidnu 50
9730 Kárásjohka- Karasjok,
e-post sametinget@samediggi.no.

Kravet skal vere skriftleg og begrunna.

Klikk for stort bilde

Les meir om: 

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00